Fredag 22. september blir det arrangert militærjuridisk kontaktmøte der me får besøk av avdelingsdirektør Severin Vikanes frå Forsvarsdepartementet som vil halda eit innlegg om Prop. 133 L (2022-2023) Endringer i forsvarsloven mv. (militær disiplinærmyndighet).

I proposisjonen blir det foreslått å i hovudsak føra vidare gjeldande rett om militær disiplinærstyresmakt, men å forenkla regelverket og ta utgangspunkt i dei alminnelege reglane for administrative sanksjonar i forvaltningslova. Det blir foreslått å flytta aktuelle disiplinærreglar til forsvarslova. Det blir mellom anna foreslått å fjerna arrest som refsingsmiddel i fredstid og krigstid, innføra klagetilgang for den som er personleg fornærma i ei disiplinærsak og å forenkla klage- og kontrollordninga i disiplinærsaker. Vidare blir endringar foreslåtte i den påtalemessige behandlinga av militære straffesaker. Det blir foreslått å avvikla Generaladvokatembetet som eigen etat, og at alle oppgåvene blir vidareført i høvesvis den sivile påtalemakta og Forsvaret. Forslaget inneber å avvikla den militære rettargangordninga og at ordninga med eit særskilt militært rettsvesen fell bort.

Møtet blir tradisjon tru halde i Generaladvokatembetets lokale på Egertorget i Oslo. Foredraget startar klokka 13:00. Lokalet er ope frå klokka 12:30 med enkel servering.  

Lokala til embetet har avgrensa med plass, og me set derfor pris på om du melder deg på i forkant.


Vel møtt!