Kva er verneplikt?

  • Verneplikt er plikta til å gjera teneste i Forsvaret
  • Alle norske statsborgarar som er skikka til teneste i Forsvaret, har verneplikt frå det året dei fyller 19 år til utgangen av det året dei fyller 44 år, jf. forsvarslova § 6
  • Utanlandske statsborgarar som oppheld seg i Noreg og har ei fast tilknyting til Noreg, kan bli pålagt verneplikt
  • Verneplikta gjeld ikkje for kvinner som er fødde før 1. januar 1997

Kva er tenesteplikt?

  • Dei som har verneplikt (vernepliktige), har tenesteplikt
  • Tenesteplikta omfattar ordinær teneste (mellom anna førstegongsteneste, repetisjonsteneste og årleg heimevernsteneste) og ekstraordinær teneste (mellom anna beredskapsteneste ved styrkeoppbygging), jf. forsvarslova § 17
  • Vernepliktige kan bli pålagt inntil 19 månaders ordinær teneste, jf. forsvarslova § 18
  • Den ekstraordinære tenesta kan vara inntil 6 månader kvar gong


Kva er oppmøteplikt?

  • Personar som kan vera eigna til teneste, blir kalla inn til sesjon. Dei som blir innkalla, pliktar å møta, jf. forsvarslova § 9. På sesjon bestemmer Forsvaret kven som er skikka til teneste
  • Vernepliktige som er skikka til teneste, kan kallast inn til teneste. Dei som blir innkalla, pliktar å møta, jf. forsvarslova § 19


Kva skjer viss ein ikkje oppfyller pliktene sine?

  • Viss ein ikkje møter til teneste eller forlèt ein stad der ein har militær plikt til å vera, kan ein hentast av militærpolitiet. Viss ein ikkje møter til førstegongsteneste, kan ein berre hentast av politiet, jf. lov om politistyresmakt i forsvaret § 6
  • Viss ein ikkje møter til sesjon, kan ein straffast med bot eller fengsel inntil 2 år, jf. forsvarslova § 66
  • Viss ein ikkje møter til teneste, kan ein straffast med bot, jf. forsvarslova § 66, eller fengsel inntil 2 år, jf. militær straffelov §§ 34 og 35
  • Viss ein forlèt ein stad ein har militær plikt til å vera, kan ein straffast med bot eller fengsel inn til 2 år, jf. militær straffelov §§ 34 og 35


Kva er FPVS?

  • Forsvarets personell- og vernepliktssenter (FPVS) har ansvaret for verneplikta, sesjon og innkalling til førstegongsteneste.