Kva er militære straffesaker?
• Med militære straffesaker siktar ein til brot på militær straffelov

Kva kan straffast etter militær straffelov?
• Forhold som gjeld den militære tenesta, er straffbare etter militær straffelov. Dette kan til dømes vera ulovleg fråvær, dvs. å forlata eller ikkje møte på den staden ein har plikt til å vera (§ 34), militærnekting (§ 35), ikkje følgja ordrar (§ 46), vera synleg rusa i tenesta (§ 72) og la vere å utføra eller bryta ei tenesteplikt (§ 77)
• Nokre av føresegnene i militær straffelov gjeld berre når det er krig, mellom anna å overgi seg (§ 87), å flykta (§ 88) og plyndring (§ 100 ff.)
• Brot på regel som vernar personar eller eigedom i ein av dei fire Geneve-konvensjonane eller dei to tilleggsprotokollane til Geneve-konvensjonane, som inneheld krigføringsreglar, kan også straffast (§ 108)


Kven kan straffast for brot på militær straffelov?
• Militær straffelov er ei eiga straffelov som i utgangspunktet gjeld for tilsette og vernepliktige i Forsvaret (§ 9)
• I krig gjeld militær straffelov også for alle som gjer teneste ved eller følgjer ei avdeling i Forsvaret, krigsfangar og alle som gjer seg skuldig i visse brotsverk på krigssynsplass
• Dessutan kan alle straffers for brot på dei fire Geneve-konvensjonane og dei to tilleggsprotokollane til Geneve-konvensjonane (§ 108)


Kva slags straff kan ein få?
• Ved brot på militær straffelov kan ein straffast til fengsel, arrest eller bøter, men i praksis er det i dag berre fengsel som blir brukte
• Ved ulovleg fråvær (§ 34) over 12 dagar er utgangspunktet fengsel på vilkår
• Ved ulovleg fråvær (§ 34) over 21 dagar er utgangspunktet fengsel utan vilkår
• Ved militærnekting (§ 35) blir ein straffa med fengsel i minst 90 dagar
• Ved brot på krigføringsreglane etter § 108 kan ein straffast med fengsel inntil 3 år


Er det nokon forskjell mellom militær straffelov og vanleg straffelov?
• Den vanlege straffelova gjeld i utgangspunktet for alle som er i Noreg, medan den militære straffelova i utgangspunktet berre gjeld handlingar som gjeld den militære tenesta
• Enkelte handlingar er straffbare etter både vanleg straffelov og militær straffelov, men dei har høgare strafferamme i den militære straffelova. Det betyr at ein kan få strengare straff ved å bryta militær straffelov enn vanleg straffelov
• Ei militær straffesak blir behandla som ei heilt vanleg straffesak i retten. Men det er ein krigsadvokat, som tilhøyrar den militære påtalemakta, som er aktor i retten
• Viss ein bryt den vanlege straffelova, er det ein politiadvokat, som tilhøyrar den ordinære påtalemakta og jobbar i politiet, som er aktor i retten
• Ved domstolsbehandlinga av militære straffesaker i krigstid, skal meddommarane vera militære, dvs. vera tilsett eller vernepliktig i Forsvaret