Kva er verneplikt?
- Verneplikt er plikta til å gjera teneste i Forsvaret
- Alle norske statsborgarar som er skikka til teneste i Forsvaret, har verneplikt frå det året dei fyller 19 år til utgangen av det året dei fyller 44 år, jf. forsvarslova § 6
- Utanlandske statsborgarar som oppheld seg i Noreg og har ei fast tilknyting til Noreg, kan bli pålagt verneplikt
- Verneplikta gjeld ikkje for kvinner som er fødde før 1. januar 1997
Kva er tenesteplikt?
- Dei som har verneplikt (vernepliktige), har tenesteplikt
- Tenesteplikta omfattar ordinær teneste (mellom anna førstegongsteneste, repetisjonsteneste og årleg heimevernsteneste) og ekstraordinær teneste (mellom anna beredskapsteneste ved styrkeoppbygging), jf. forsvarslova § 17
- Vernepliktige kan bli pålagt inntil 19 månaders ordinær teneste, jf. forsvarslova § 18
- Den ekstraordinære tenesta kan vara inntil 6 månader kvar gong
Kva er oppmøteplikt?
- Personar som kan vera eigna til teneste, blir kalla inn til sesjon. Dei som blir innkalla, pliktar å møta, jf. forsvarslova § 9. På sesjon bestemmer Forsvaret kven som er skikka til teneste
- Vernepliktige som er skikka til teneste, kan kallast inn til teneste. Dei som blir innkalla, pliktar å møta, jf. forsvarslova § 19
Kva skjer viss ein ikkje oppfyller pliktene sine?
- Viss ein ikkje møter til teneste eller forlèt ein stad der ein har militær plikt til å vera, kan ein hentast av militærpolitiet. Viss ein ikkje møter til førstegongsteneste, kan ein berre hentast av politiet, jf. lov om politistyresmakt i forsvaret § 6
- Viss ein ikkje møter til sesjon, kan ein straffast med bot eller fengsel inntil 2 år, jf. forsvarslova § 66
- Viss ein ikkje møter til teneste, kan ein straffast med bot, jf. forsvarslova § 66, eller fengsel inntil 2 år, jf. militær straffelov §§ 34 og 35
- Viss ein forlèt ein stad ein har militær plikt til å vera, kan ein straffast med bot eller fengsel inn til 2 år, jf. militær straffelov §§ 34 og 35
Kva er FPVS?
- Forsvarets personell- og vernepliktssenter (FPVS) har ansvaret for verneplikta, sesjon og innkalling til førstegongsteneste.